Borns medverknad

Lov om barnehage: § 3. Barns rett til medvirkning «Barn i barnehagen har rett til å gi uttrykk for sitt syn på barnehagens daglige virksomhet. Barn skal jevnlig få mulighet til aktiv deltakelse i planlegging og vurdering av barnehagens virksomhet. Barnets synspunkter skal tillegges vekt i samsvar med dets alder og modenhet.»

Ein viktig verdi for oss er å ha barnet i sentrum. Vi møter barnet på deira nivå og ivaretek individuelle behov. Barnet er med på ”alt” i kvardagen, slik lærer barnet å ta del i arbeidsoppgåvene gjennom dagen.

Det vert vektlagt at borna har rett til å gje uttrykk for sitt syn, og mogelegheit for aktiv deltaking i planlegging og vurdering av barnehagen sitt innhald.

I samtale med borna er dei med og gjev innspel på aktivitetar og opplevingar som dei ynskjer i barnehagen. Det er viktig at borna er med i forkant av ein aktivitet i forhold til medverknad, men det er like viktig at dei er med i ettertid og reflekterer, analyserer og tolkar både aktivitetar eller konkrete bilder, dikt o.a Slik vert dette ein pedagogisk dokumentasjon, styrt av den vaksne, men der borna sine tankar er med i evalueringa. Den vaksne er lydhøyr og tek borna si tilbakemelding med i den vidare planlegginga.

Slik tenkjer ein arbeidet framover, der den vaksne er aktiv, men der borna har innspel med idear på prosjekt- gjennomføring-dokumentasjon-og så vidare.

Dei eldste borna er med i komiteen for ulike arrangement gjennom året. Det kan vere Eventyrfest, Regnbogefest, turar o.a. Dei bestemmer kva som skal skje t.d underhaldninga og menyen på festen eller andre ting som opptek dei. I ettertid vert dette evaluert av borna. Vi stiller spørsmål om dette var kjekt eller kunne me gjort noko annleis. Dette vert så teke med vidare til andre arrangement.

Borna vert teke med på råd om kva leiker og utstyr dei synest dei har bruk for i leiken sin. Vi skriv då opp borna sitt ynskje og kjøper dette inn etter kvart. Slik tenkjer ein at vi tek utgangspunkt i barnet sitt perspektiv, og noko som gjev barnet moglegheit til å faktisk påverke og endre det fysiske miljøet.

Verkstad-dag

På verkstad-dag kan borna velje kva aktivitet dei vil drive med frå kl. 10:00. Då har vi verkstad-kort, der borna vel den aktiviteten dei ynskjer å vere med på. Det er eit avgrensa kor mange som kan være med på kvar aktivitet, så kanskje ikkje alle får første valet sitt kvar gong. Det vil vera ulike aktivitetar borna kan velje mellom, t.d. musikk, drama, dans, uteaktivitetar, fysisk fostring, gardsbesøk, teknikk, teikning og filosofi.