Miljøfyrtårn-barnehage

28. juni 2012 vart Regnbogen sertifisert som miljøfyrtårnbedrift.

Den for oss store milepælen, vart markert ved at sertifikatet som miljøbarnehage vart høgtideleg overlevert av ordføraren i Voss kommune under ein fin lunch saman med dei eldste borna i Regnbogen barnehage.

Godkjenninga med tilhøyrande sertifikat inneber at me har oppfylt strenge krav til arbeidsmiljø, innkjøp, energi, transport, avfall, utslepp og estetikk.  Ordføraren spurte borna i talen sin om dei visste kva eit fyrtårn er? Det visste Ivar, – eit tårn som lyser på sjøen. Ja, eit fyrtårn viser båtane vegen i mørket, fortsette ordføraren, og det samme gjer ei Miljøfyrtårnbedrift; den viser vegen for andre i godt miljøarbeid for å bevare kloden vår.

Vegen fram til å bli miljøfyrtårnbedrift har vore innhaldsrik for både små og store. Alle har teke del, alle har vore viktige, både borna, personalet og leiinga.

Det kan nemnast at borna er blitt svært gode på å sortere avfall og rettleiar meir enn gjerne ein vaksen som kastar i feil boss. Borna får lærdom om sortering, gjenvinning, sparing av straum og mykje anna som miljøfyrtårnsertifiseringa inneber. Det dei lærer tek dei vidare med seg heim og såleis får dette store ringverknadar og mange vert oppmoda om å vere gode miljøvernarar.

Personalet er no gode på innkjøp, ved å stilla spørsmål som treng me dette? Gjenbruk , mindre bruk av kopiar, kortreist mat og at me kastar minst mogeleg. Alt me kastar vert no vege hjå Indre Hordaland Miljøverk, som har vore ein god samarbeidspartnar på vegen. Det vil dei framleis vere framover, for no er me oppe og går og framover jobbar me no svært bevisst i forhold til nye mål me set oss. Ny rapport skal sendast inn kvart år, der det skal gå fram kva ein har gjort endå betre og nye mål ein set seg.

Eit anna verkty der ein får miljøfyrtårnarbeidet inn i det pedagogiske arbeidet er «Svanhilds reise». Kven er så Svanhild? Det er Svanemerket sin barnefigur, og formålet er at borna kan leika seg til ei forståing av at det me driv med i kvardagen vår kan ha konsekvensar for plantar, dyr og andre mennesker, og ikkje minst for jorda me lever på. Gjennom fantasifulle forteljingar og fargerike illustrasjonar vert me gode på miljøvern og i tillegg er me innom alle fagområda i Rammeplanen. Dette er eit prosjekt som borna på Stjerneskot vil fylgja.

Det er Miljømerking som er utgjevar og det er Anne Elvedal som har skreve teksten.

Finn ut meir om Miljøfyrtårn-stiftelsen på www.miljofyrtarn.no