Omsorg og oppseding

Lov om barnehagar §2: «Barnehagen skal vere ei pedagogisk verksemd. Barnehagen skal bistå heimen i deira omsorg- og oppdragaroppgåve, og på den måten skape eit godt grunnlag for borna si utvikling, livslang læring og aktiv deltaking i eit demokratisk samfunn. Omsorg, oppseding og læring i barnehagen skal fremje menneskeleg likeverd, likestilling, åndsfridom, toleranse, helse og forståing for berekraftig utvikling. Barnehagen skal gje born moglegheit for leik, livsutfalding og meiningsfylte opplevingar og aktivitetar i trygge – og samtidig utfordrande omgjevnad.»

Sosial kompetanse

I barnehagen får borna erfare og lære korleis vi er imot kvarandre, store og små. Dei utviklar sjølvstende sitt og får trening i å sjå ei sak frå fleire synsvinklar. Borna må kunne kommunisere med dei andre for å få sine behov og ynskjer fram, ofte er samhandling med andre born problemløysing. Det er nyttig erfaring for borna å erfare at ved hjelp av språket kan ein løyse usemje og komme sterkare ut av ein situasjon. I samhandling mellom born blir grunnlaget lagt for læring og sosialkompetanse.

Dei vaksne er rollemodellar

Personalet i Regnbogen ynskjer at omsorg , det å vera venleg og snill mot kvarandre skal prega atmosfæren hjå oss. Det er viktig i kvardagen å vera raus mot kvarandre og vise omsorg. Dei vaksne skal vere reflekterte i tankar og handling, for som vaksen i barnehagen er vi rollemodellar og verdiformidlarar for borna. Vi må vise at vi arbeider ut i frå eit positivt menneskesyn. Borna skal lære å ta ansvar for eigne handlingar, men det krev at nokon er til stades og lærer dei det. Borna ser kva vi som vaksne gjer og kva haldningar vi har. Borna skal bli møtt med respekt og anerkjenning, og alle skal kjenne at dei er viktige og verdifulle. Barnehagen er ofte borna sitt fyrste møte med verda utafor familien. Opplevinga dei får av å verte sett, høyrt og ivareteken her, vil dei ta med seg i møte med skulen og vidare i livet.

Læring og leik

Læring skjer i barnehagen heile tida. Læring skjer i det daglege samspelet med andre menneske og i hendingar som oppstår i løpet av dagen. Barnehagen skal styrke borna si læring i formelle og uformelle læresituasjonar. Dei formelle situasjonane er planlagt og leia av personalet. Dei uformelle situasjonane er nærare knytt til kvardagsaktivitetar og «her og no «-situasjonar i leik og anna samhandling. I leiken utviklar borna seg på fleire områder; språkleg, intellektuelt, sosialt og emosjonelt. I leiken styrkjer og utviklar borna sin identitet og sjølvkjensle. I leiken førebur borna seg på vaksenverda. Leiken har mange uttrykksformer og kan føre til forståing og venskap på tvers av alder, språkleg og kulturell identitet. Å få delta i leik og få vener er grunnlaget for born sin trivsel i barnehagen. Det er ut frå dette viktig at den vaksne som er med borna er observant og lydhøyr. Her kan den vaksne bli inngangsporten til rolleleikens verden for nokon born.