Personalsamarbeid

Morgonmøte

Vi har morgonmøte ca 10 minuttar kvar morgon, for å gå gjennom dagsplanen.

Gruppemøter

Me prøver å la personalet på dei fire gruppene få eit time-møte i løpet av månaden. Solskinn møte ei veke, skybrot den neste etc.

Personalmøte

Vi har 2 eller 3 timar personalmøte kvar månad. Her trekker vi dei store linjene i arbeidet vårt, evaluerer arbeidet vårt og planlegg arbeidet i barnegruppa.

Medarbeidarsamtale

Dette er ein førebudd samtale mellom styrar og medarbeidar om mål og oppgåver for barnehage og den einskilde arbeidstakar. Her kan vi leggje fram og diskutere arbeidssituasjonen sin med styrar og vi kan leggje fram ynskje som gjeld opplæring, kurs og utdanning.

Rettleiing

Rettleiing for personalet vil vi gje gjennom heile året. Det vil bli både grupperettleiing og personleg rettleiing.

Vurdering

Vi vurderar arbeidsmetodane våre kontinuerlig. 2008/09 vurderer me satsingsområdet vårt som er mat og helse, gruppesamansetningar, leik og rombruk, og uteområdet. I vurderingsarbeidet deltek heile personalgruppa på personalmøta og planlegginsdagar.

Kompetanseheving og vidareutdanning

17. september 2007 var pedagogane på tverrfagleg konferanse om «Det skal vera bra og vera barn på Voss». Nokon pedagogar har vore på kurs om digital fotografering og nokon om dokketeater i barnehagen. 11. april 08 var alle ansatte på kurs om «Barn og filosofi.» Verneombud har vore på 5 dagers kurs i Hms arbeid og leiarane på 3 dagers kurs i Hms arbeid. Vi skal ha nytt fyrstehjelpskurs for heile personalet i september. Ein av våre tilsette er aktiv medlem i Røde kors.

Internkontroll

Vernerunde saman med verneombod vert gjort ei gong for året.