Voss Kommune

Kommunalt kontor for pedagogiske tenester

  • Innstillingar til nye barnehageplassar
  • Regionale kursdagar
  • Tildeling av støttepedagogressursar
  • Fagmøte

Barnehageteam

Kommunen sitt barnehageteam har som mål å bidra til at born som av ulike grunnar treng ekstra stimulering og omsorg, får god og tidleg hjelp. Ved å samle fagfolk med ulik bakgrunn kan vi lettare sjå barnet sin situasjon i eit heilskapleg bilete, og vi kan i fellesskap arbeide fram det beste tilbodet til kvart enkelt born. Regnbogen har fått eit team som skal vere våre kontaktar. Dette teamet er sett saman av Nora Fossåskaret frå Helseavdelinga, Sissel B. Oppheim frå Barnevernstenesta, og Berit Linjordet Skjervheim, Pedagogisk Psykologisk Teneste (PPT). Teamet skal kome til barnehagen fast to gonger i året, eller oftare ved behov.