Vossakultur og tradisjon

Me har valt Vossakultur- og tradisjon som satsingsområde i Regnbogen for dei neste åra. Kultur handlar om arv og tradisjon, om å skapa og om å levandegjera, fornya og aktualisera. Voss er ei bygd med eigne tradisjonar. Det er vikig at desse vert vidareført til oppveksande generasjonar. Me ynskjer å gje borna opplevingar og erfaringar som vil vera med å byggja ein identitet til plassen og kulturen frå heimstaden sin. Erfaringane vil vera med å utvikle barne sin eigen identitet.

Å vera trygg og kjenna tilhøyrigheit i eigen kultur, vil gjera at ein er meir open og tollerant i møte med andre kulturar. Dette fyrste året har me valt ut desse fire områda:

Musikk – natur – kunst – mat

I barnehagen vil me la borna ta del i ulike prosjekt. Å laga mat, læra enkle folkedansar, soger og stev frå vossaområdet. Me vil invitera kulturformidlarar til barnehagen for å gje borna gode opplevingar. Jordbruket har alltid vore viktig på Voss. Ver, årstider, avlingar var styrande for kvardagen. Me vil læra borna gamle ord og utrykk frå Voss.

I kjøkkenhagen vil me ha nyttevekstar me seinare foredlar. Visjonen til Regnbogen er «Ein god start for alle». Å ha med seg positive kulturopplevingar i barndommen er god ballast vidare i livet. Lokalt kulturliv skapar nye arenaer og brukar gamle arenaer på nye måtar.