Samarbeid
Samarbeid med heim
Startsamtale
Før eller rett etter at borna har starta i barnehage skal alle ha ein startsamtale . Alle foreldre med barn som skal byrje i barnehage på Voss får tilbod om startsamtale, og alle vert stilt dei same spørsmåla. Det er frivillig for foreldra å svare på spørsmåla. Formålet med startsamtalen er å bli kjent med barnet og ved behov kunne gje hjelp til barnet så tidleg som mogleg. Barnet skal vera i fokus i samtalen, og me ønskjer at foreldra gjev barnehagen nødvendig informasjon for å kunne leggje til rette for ein god start for barnet i barnehagen. Barnehagen har teieplikt og opplysningsplikt.
Dagleg kontakt
Den daglege kontakten er svært verdifull, både når det gjeld og verta betre kjende, og til å utveksle informasjon. Ein av personalet møter borna og foreldra i garderoben om morgonen.
Uformell kontakt
Samvær i ulike samanhengar i barnehagen der foreldre og personale møtest når det vert arrangert utstilling, foreldrekaffi, skidag, sommarfest o.l.
Foreldresamtalar
Det vert hengt opp liste med forslag til tider i garderoben oktober/nov og i mai/juni. Ein har to samtalar i året, men dersom barnehagen eller foreldre skulle ynskje det vert det fleire. Her får ein meir tid enn ved den daglege bringe- og hentesituasjonen.
Foreldremøte
Det er foreldremøte på hausten, der me tek opp saker til diskusjon, og gjev foreldra informasjon om kva som skjer i barnehagen. Ein kan og ha temakveldar, lagt opp i samarbeid med foreldreråd.
Samarbeid med nærmiljøet
Me er flittige brukarar av nær området vårt og slik vert me kjende med borna sitt nærmiljø. Me går gjerne innom ein fjøs for å sjå på dyra der og. Me har ulike butikkar i nærområdet, som me handlar på ved behov.
Samarbeid med Voss kommune
Barnehageteam
Me har eit tverrfagleg team som består av PPT, barnevern, helsestasjon og barnehagen. Me har fire fastsette møter kvart år, og fleire ved behov. Her kan ein ta opp generelle problemstillingar som gjeld heile barnegruppa eller enkeltbarn. Med samtykkje frå foreldra kan ein diskutera saker som gjeld deira barn. Dersom ein diskuterer enkeltbarn er det ynskjeleg at foreldra deltek på møtet.
Her vert det tid til refleksjonar, diskusjon og erfaringsutveksling.
Pedagogisk psykologisk tenestekontor (PPT)
Samarbeid om enkeltbarn i samråd med foreldre, eller PPT kan gje råd og rettleiing til personalet.
Barnevernet
Alle tilsette i barnehagen er i barnehagelova § 22 pålagt opplysingsplikt til barnevernet når det er grunn til å tru at barn blir mishandla eller det førekjem andre former for alvorleg omsorgssvikt.
Helsestasjon og fastlege
Dei gjev råd ved generelle spørsmål omkring helse og sjukdom som gjeld barn i barnehagen.
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
Kan vera aktuell og samarbeida med i høve enkeltbarn, men då etter tilvising frå PPT eller fastlege.