Miljøfyrtårn-barnehage

28. juni 2012 vart Regnbogen sertifisert som miljøfyrtårnbedrift (rapportering.miljofyrtarn.no).

Den for oss store milepælen, vart markert ved at sertifikatet som miljøbarnehage vart høgtideleg overlevert av ordføraren i Voss kommune under ein fin lunch saman med dei eldste borna i Regnbogen barnehage.

Godkjenninga med tilhøyrande sertifikat inneber at me har oppfylt strenge krav til arbeidsmiljø, innkjøp, energi, transport, avfall, utslepp og estetikk.  Ordføraren spurte borna i talen sin om dei visste kva eit fyrtårn er? Det visste Ivar, – eit tårn som lyser på sjøen. Ja, eit fyrtårn viser båtane vegen i mørket, fortsette ordføraren, og det samme gjer ei Miljøfyrtårnbedrift; den viser vegen for andre i godt miljøarbeid for å bevare kloden vår.

Å vere miljøfyrtårnbedrift gjer kvardagen innhaldsrik for både små og store. Alle tek del, alle er viktige, både borna, personalet og leiinga.

Det kan nemnast at borna er blitt svært gode på å sortere avfall og rettleiar meir enn gjerne ein vaksen som kastar i feil avfall. Borna får lærdom om jordkloden med t.d vatn og is på jorda vår, sortering av avfall , resirkulering, gjenbruk, panting og retur av batteri, flasker og boksar, plast i naturen og sparing av vatn og straum. Det dei lærer tek dei vidare med seg heim og såleis får dette store ringverknadar og mange vert oppmoda om å vere gode miljøvernarar.

Personalet er gode på innkjøp, ved å stilla spørsmål som treng me dette? Gjenbruk er viktig, mindre bruk av kopiar, kortreist mat og at me kastar minst mogeleg. Alt me kastar vert vege hjå Indre Hordaland Miljøverk, som er ein god samarbeidspartnar. Dei gjev oss oversikt på kor mykje me kastar av restavfall, resirkulert avfall og prosent sortert avfall. I tillegg legg me inn straum- og vassforbruk i ny rapport som vert sendt inn kvart år. I miljøfyrtårnrapporten går det fram kva ein har gjort, og nye mål ein set seg.

Eit anna verkty der ein får miljøfyrtårnarbeidet inn i det pedagogiske arbeidet er «Svanhilds reise». Kven er så Svanhild? Det er Svanemerket sin barnefigur, og formålet er at borna kan leika seg til ei forståing av at det me driv med i kvardagen vår kan ha konsekvensar for plantar, dyr og andre mennesker, og ikkje minst for jorda me lever på. Gjennom fantasifulle forteljingar og fargerike illustrasjonar vert me gode på miljøvern og i tillegg er me innom alle fagområda i Rammeplanen. Dette er eit prosjekt som borna på Stjerneskot vil fylgja.

Finn ut meir om Miljøfyrtårn-stiftelsen på miljofyrtarn.no

svane eu-blomsten     debio-2