Fysisk aktivitet
Borna tileignar seg grunnleggjande motorisk dugleik i småbarnsalderen, som kroppskontroll, fysiske eigenskapar, vanar og innsikt i korleis dei kan ta vare på helse og livskvalitet. Læring av bevegelsar er ein prosess der barnet utviklar sin grunnleggjande rørsleevne som å halda balansen, forflytte seg i miljøet og bruka reiskapar i ulike variasjonar. «Kroppen er instrumentet og bevegelsane materialet». Sjølvbiletet og sjølvtilliten til born er ofte nært knytt opp til motorikken deira, og vi som vaksne må difor vera flinke til å motivera borna til å prøva å meistra det dei held på med. All bevegelsesaktivitet er viktig, ute som inne, sommar som vinter, i solskin og regn. Ein god fysikk er eit godt utgangspunkt for læring.
I barnealderen vil dei fysiske eigenskapane utviklast gjennom allsidige rørsleerfaringar. Ved å gje borna variert fysisk aktivitet inne og ute, og bruke natur og miljø aktivt, vil vi leggje til rette for ei god fysisk utvikling.
Vi vil difor jobbe for at borna skal lære å bruke kroppen sin allsidig, godt og ikkje minst få gode haldningar til fysisk aktivitet som dei vil ta med seg vidare i livet. Vi vil fortsetje å bruke naturen rundt oss aktivt. Ulendt terreng er toppen for motorisk øving! Vidare vil vi bruke skogsområdet vårt mykje, gå turar i nærmiljøet, låne gymsalen på Palmafossen skule. Vi skal lage eigne «tråkk» til kvar av gruppene, t.d. lage eit «1000 meter tre», vi har fotballbane og skiløype om vinteren, vi vil lage hinderløyper, klatre ute, og inne i klatreveggen vår, balansere, danse, åle, krype, hoppe, hinke og kanskje turne og stå litt på hendene? Vidare er regelleikar ein viktig del av barnekulturen, og borna liker veldig godt å leike songleikar eller t.d. «alle mine killingar».