Vedtekter

NB! Desse vedtektene kan også lastast ned her!

1. Eigartilhøve

Regnbogen Natur- og Kulturbarnehage AS er eit aksjeselskap der Ann Helen Grevle og Ingebjørg Bryn Høgheim står som eigarar og ansvarleg for drifta av barnehagen.

Eigarrepresentant sitt namn og adresse er;

Ann Helen Grevle
Regimentsvegen 107
5705 Voss

Ingebjørg Bryn Høgheim
Haugateigen 48
5700 Voss

Fordeling av økonomisk ansvar for drift, gjeld o.a. er fastsett i eigne vedtekter for

Ann Helen Grevle
Regimentsvegen 107
5705 Voss

Ingebjørg Bryn Høgheim
Haugateigen 48
5700 Voss

§ 2. Lovverk

Barnehagen skal drivast i samsvar med gjeldande lover og forskrifter, og i tråd med kommunale vedtak og planar for barnehage. Rammeplan for barnehagar er grunnlag for planarbeidet i barnehagen.

§ 3. Tilsyn

I samsvar med Barnehagelova og Rammeplanen har Voss herad tilsyn av barnehagen.

§ 4. Føremål

Regnbogen Natur- og Kulturbarnehage skal drivast i samsvar med barnehagelova § 1.

Nynorsk skal nyttast i dokument som barnehagen sender ut, og så langt som råd nyttast i songar og litteratur.

§ 5 Samarbeidsutval og foreldreråd

For å sikra samarbeidet med heimen til barna, skal kvar barnehage ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval.

Foreldrerådet er sett saman av foreldre/føresette til alle barna. Foreldrerådet skal fremma fellesinteresser og bidra til samarbeid med barnehagen om eit godt barnehagemiljø.

Samarbeidsutvalet skal vera eit rådgivande, kontaktskapande og samordnande organ, og skal haldast minimum to gonger pr. barnehageår.

Samarbeidsutvalet er sett saman av foreldre/føresette og tilsette i barnehagen, og slik at kvar gruppe er likt representert. Barnehageeigar kan delta etter eige ønske, men ikkje med fleire representantar enn kvar av dei andre gruppene.

Barnehageeigar skal sørgja for at viktige saker blir lagt fram for foreldrerådet og samarbeidsutval.

§ 6. Barnehagetilbodet

Barnehageåret vert rekna frå 15. august til og med 14. august.
Opningstida er 7:30-17.00.

Barnehagen er open 5 dagar i veka. Maksimal opphaldstid er 9 timar pr. dag.

Barnehagen er stengt helge- og høgtidsdagar
Barnehagen held stengt fem planleggingsdagar i barnehageåret.

§ 7. Barn med nedsett funksjonsevne

Regnbogen Natur- og Kulturbarnehage er tilrettelagt for barn med nedsett funksjonsevne.

Voss herad skal sikre at barn med nedsett funksjonsevne får eit egna individuelt tilrettelagt barnehagetilbod, og dei fattar vedtak om tilrettelegging av barnehagetilbodet til barn med nedsett funksjonsevne, jf. barnehagelova § 19g.

§ 8. Rett til spesialpedagogisk hjelp

Barn under opplæringspliktig alder har rett til spesialpedagogisk hjelp dersom dei har særlege behov for det. Dette gjeld uavhengig av om barnet går i barnehage. Formålet med spesialpedagogisk hjelp er å gje barn tidleg hjelp og støtte i utvikling og læring, til dømes språklege og sosiale ferdigheiter jf. barnehagelova § 19a.

§ 9. Lovfesta rett til barnehageplass

Barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av august det året det blir søkt om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage frå august.

Barn som fyller eitt år i september, oktober eller november det året det blir søkt om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage innan utgangen av den månaden barnet fyller eitt år, jf. barnehagelova § 12a.

Barnet har rett til plass i barnehage i det heradet der det er busett.

For søkjarar som ikkje er busett i heradet, vert søknad om barnehageplass behandla etter søknadar frå busette i heradet er behandla.

§ 10. Søknad

Kommunale og private barnehagar har samordna opptak. Søknadsskjema, informasjonsskriv, søkjarliste og inntaksprosedyre er felles.

Søknad om opptak skal sendast elektronisk, og det skal leggjast ved naudsynte attestasjonar.

Barnet beheld plassen til den vert sagt opp eller barnet byrjar på skulen.

§ 11. Opptak

Søknadsfrist hovudopptaket, og for tildeling av plassar frå 15.august, er 1.mars

Søkjarar som søkjer etter 1.mars får tilbod om barnehageplass, dersom det er ledige barnehageplassar i heradet.

Behandling av søknader og tildeling av plassar vert gjort fortløpande av administrasjonen etter innstilling frå styrar.

§ 12. Sakshandsamingsreglar for tildeling av barnehageplass

Foreldre/føresette har rett til grunngjeving dersom dei ikkje får tildelt barnehageplass etter fyrste eller andre ynskje om barnehage, jf. forskrift om saksbehandlingsreglar ved opptak i barnehage.

Klage skal sendast til kommunalavdeling oppvekst.

§13. Prioriteringsliste for tildeling av barnehageplass:

Tildeling av barnehageplass skjer etter fylgjande prioriteringsliste.

1. Barn med nedsett funksjonsevne, jf. § 13 i barnehagelova
2. Barn det er fatta vedtak om etter lov om barnevernstenesta, jf. § 4.4*
3. Barn frå barnehagar som vert lagde ned
4. Søsken har plass i same barnehage
5. Barn av einslege forsørgjarar
6. Fødselsdato

* Dersom det blir søkt om prioritert barnehageplass etter punkt 1 og 2, for barn med spesielle behov, skal behovet dokumenterast av fagpersonell.

Barn med sterkt nedsett fysisk funksjonsevne, som nyttar rullestol eller på annan måte har begrensa fysisk bevegelsefriheit, vil få tilbod om plass i Voss eller Klausabakken barnehage. Dette då desse barnehagane er universelt utforma og difor er best tilrettelagt for barn med fysiske funksjonsnedsettingar.

**Søskenprioritet er knytt opp mot at ein har søsken i barnehagen når barnet byrjar i barnehagen.

Ved hovudopptaket vil ein kunna missa denne prioriteten dersom søsken går ut av barnehagen.

§ 14. Bedriftsplass

Regnbogen Natur- og Kulturbarnehage har tre bedriftsplassar som personalet disponerer.

§ 15. Foreldrebetaling

Heradsstyret gjer vedtak om betalingssatsar. Foreldre/føresette betalar for 11 månader. Det er betalingsfritak i perioden 15. juli – 14. august. Betaling for kost kjem i tillegg.

For å få til ei god tilvenning for nye barn i barnehagen ved oppstart 15.august, kan nokre barn byrja tilvenning nokre dagar etter 15.august.

Uavhengig av oppstartsdato, blir det fakturert for ein halv månad i august.

§ 16. Oppseiing av plass

Det er to månader gjensidig oppseiingstid av barnehageplassar.
Oppseiinga skal leverast elektronisk. Det må betalast for opphald i oppseiingstida sjølv om barnet ikkje nyttar plassen. Blir plassen sagt opp etter 1. april må det betalast for barnehageplassen ut
barnehageåret. I praksis vil det sei at dersom ein nyttar barnehageplassen etter 1. juni må ein betale t.o.m. 14. juli.

§ 17. Moderasjonsordningar/ foreldrebetaling

Foreldre med barn i barnehagen skal ikkje betala meir enn maksimumspris for ein barnehageplass.

Det er to nasjonale moderasjonsordningar jf. Forskrift om foreldrebetaling:

1. Familien/hushaldet skal ikkje betala meir for ein barnehageplass enn 6 % av den samla inntekta.

2. To, tre, fire og fem-åringar, samt barn med utsett skulestart, og som bur i hushald med låg inntekt, har rett til å få 20 timar gratis kjernetid per veke.

Syskenmoderasjon er 30 % for barn nr. 2 og 50 % for barn nr. 3 og oppover.

Meir utfyllande informasjon om moderasjonsordningane finn ein på heimesida til Voss herad.

§ 18. Ferie

Barnet skal ha 1 månad feriefråvær i barnehageåret. Planleggingsdagane kan reknast som ei ferieveke.

Regnbogen barnehage er stengd dei to siste vekene i juli månad. Jol –og nyttårsaftan og dagane mellom jol og nyttår er barnehagen stengt. I påsken er barnehagen stengt dagane før skjærtorsdag.

§ 19. Leike- og opphaldsareal

Netto leike- og opphaldsareal er fastsett av Voss herad jf. Departementet si rettleiande norm. For barn over tre år skal arealet inne væra minimum 4 m2 per barn, og for barn under tre år 5,33 m2 per barn.

Leike- og opphaldsarealet ute skal om lag vera seks gonger så stort. § 20.

§ 20 Bemanning

Norm for pedagogisk bemanning:

Norm for pedagogisk bemanning seier at det skal det vera minimum éin pedagogisk leiar per 14 barn når barna er over tre år og éin pedagogisk leiar per sju barn når barna er under tre år jf. forskrift om
pedagogisk bemanning §1.

Grunnbemanning
Norm for bemanning er éin vaksen per tre barn under tre år, og éin vaksen per seks barn over tre år.

§ 21. Helsekontroll av barn og personale

Før eit barn byrjar i barnehagen, skal det leggjast fram erklæring om barnet si helse. Dersom barnet har møtt til dei ordinære kontrollane på helsestasjonen, kan foreldre/føresette gje ei slik erklæring.

Personale i barnehagen har plikt til å ta tuberkulosekontroll i høve til gjeldane regelverk.

Styrar avgjer om eit barn p.g.a. sjukdom ikkje kan vera i barnehagen. Avgjerda vert teken på bakgrunn av retningsliner frå Folkehelseinstituttet

§ 22. Internkontroll

Regnbogen Natur- og Kulturbarnehage har Private barnehagers landsforbund ( Pbl ) sitt internkontrollsystemet, Pbl- Mentor.

§ 23. Teieplikt og politiattest

Dei tilsette i barnehagane, medlemer av samarbeidsutvala og foreldreråd har teieplikt vedkomande alle personopplysningar dei i kraft av stilling/ombod vert kjende med, jf. barnehagelova § 20. Alle som er, og blir tilsett i barnehagen skal ha gyldig politiattest, jf. barnehagelova § 19.

§ 24. Melde- og opplysningsplikt til barnevernet

Alle tilsette som arbeider i medhald til Lov om barnehage, skal i sitt arbeid vera merksame på, og utan hinder av teieplikta melde frå dersom eit barn lever under forhold som kan føra til tiltak frå barnevernstenesta, jf. barnehagelova § 22.

§ 25. Øvingsopplæring

Barnehagen sin eigar pliktar å stilla barnehagane til disposisjon for øvingsopplæring for studentar som tek barnehagelærarutdanning, og for lærlingar.

Styrar, pedagogiske leiar og fagarbeidarar plikter å rettleia studentar og lærlingar i slik øvingsopplæring.

§ 26. Endring av vedtektene

Styret i Regnbogen Natur- og Kulturbarnehage har fullmakt til å gjere endringar i vedtektene som fylgje av statlege pålegg/ endringar i regelverket.

Desse vedtektene er fastsett av styret 15.08.19

Ann Helen Grevle
Dagleg leiar 

Ingebjørg Bryn Høgheim
Dagleg leiar