Kultur

Kultur handlar om arv og tradisjon, men også om den kulturen som borna skaper sjølv, -barnekulturen. For Regnbogen er kultur ein del av arven vår og framtida vår. Den kulturen vi ynskjer å formidle til borna er grunnverdiar i det norske samfunn. Målet vårt er også å formidle folketradisjonar og kunst. Det er også viktig å få kjennskap til andre kulturar enn vår eigen, fordi vi i dag lever i eit fleirkulturelt samfunn.

Kristne grunnverdiar

Kristne grunnverdiar og den kristne tradisjon, er ein viktig del av norsk kultur og historie. I Regnbogen legg me vekt på grunnverdiar som menneskeverd, likeverd, ærlegdom, rettferd, tilgjeving og det å være eit medmenneske. Den gylne regel er vesentleg; «Du skal vere mot andre slik du vil at andre skal vere mot deg». Med slike grunnpilarar lærer born god sosial kompetanse. Sosial kompetanse handlar om å kunne samhandle positivt med andre i ulike situasjonar.

Dette betyr at borna skal:

  • Utvikle positivt sjølvbilete og positiv haldning til eiga læreevne
  • Kunne ta og oppretthalde kontakt med andre
  • Utvikle sjølvstende og trening i å sjå ei sak frå fleire sider
  • Kunne samarbeide, ta omsyn til og vise omsorg for andre

Barnehagen lærer borna om tru og verdiar. Opplæring til tru er heimen sitt ansvar. Den kristne kulturarven vil kome til uttrykk når vi markerer høgtider som jol og påske.

Folketradisjonar

Tradisjonar er viktig å formidle vidare til neste generasjon. Vi formidlar kunnskap om gamle dagar; – korleis borna hadde det før, kva levde menneska av før, kva lever dei av i dag? Kultur er som å ta borna med på ei reise gjennom tid. Kor kjem vi frå, kva gjer vi på «i dag» og kva tankar gjer dei seg om framtida. Det er mykje god undring og filosofering i dette temaet.

Byggjeskikk

Vestnorsk kulturakademi v/Kåre Herfindal har hatt kurs i barnehagen og sett opp eit grindbygg til oss. Slik får vi inn arkitektur og gamle byggjetradisjonar i kvardagen til borna. Dette er ein byggjeteknikk som er mange hundreår gamal. Vi vil snakke med borna om arkitektur og gå på tur og sjå kva ulike byggjestilar vi ser, t.d på Mølstertunet og på Sivle. Kåre har og sett opp eit stabbur til oss. Kåre har og sett opp eit stabbur til oss med benkar, bord, varmeomn og ljos. Og så har han laga eit nydeleg klokketårn til oss. Dette ringer me i når det er frukt og anna som skal skje.

Tradisjonsmat

Vi vil lage tradisjonsmat som flatbrød, raspekaker, sylteflesk , tilslørte bondepiker, rømmegraut, safting og sylting. Vi set poteter om våren, og lagar ulike retter av poteta som potetkake og potetstappe. Det er viktig at borna lærer at naturen gjev ressursar til mat og drikke. Steike-takka vår er mykje brukt til å lage lefser, flatbrød og annan tradisjonsbakst.

Primstav

Menneske har alltid hatt trong for å ha oversikt over tida. Primstaven er ein kalender eller almanakk med symbol som er skore i tre. Det er oftast skore ut på begge sider for å markera sommar – og vinterhalvåret. I dag nyttar vi Primstaven som klenodium og pyntegjenstand, og dei færraste veit kva symbola tyder. Dei opphavlege katolske merkedagane endra etterkvart innhald. Enkelte har helde seg til i dag – lenge etter at primstaven er forsvunne som kalender. Det gjeld for eksempel Sankthans, Olsok og Luciadagen. Vi vil vise og lære borna om primstav, og sjå på nokre av teikna som er der. Det er spanande å høyre om kva dei ulike dagane var, og kva vêrteikn dei såg etter på desse dagane i gamle dagar. Dette vil verta mest for dei eldste borna.

Namn og stadnamn

Vi vil også sjå på kva namna våre og stadnamn i nærområdet vårt tyder, og kjem frå.

Song og musikk

Borna skal få lære ulike stev og songar. Nokon er tradisjonssongar, andre av nyare dato. Vi vil også lytte til ulik musikk, danse, leike songleikar, lære rim og regler. Vi vil også lære nokre engelske og franske vers.

Folkeeventyr

Folkeeventyr er ein viktig del av folketradisjonen vi vil vidareformidla til borna. Kanskje me også kan dikte våre eigne eventyr. Eventyr frå andre kulturar er også spanande lesnad. Vi vil bruke scena vår til dramatisering, og syne fram dans og syngje. Borna får veldig god lærdom ved å stå fram og vise for andre. Dette gjev sjølvtillit og er veldig god erfaring å ta med seg vidare i livet.

Kunst

Vi vil sjå på ulike typar kunst, måleri, bilete, keramikk, og nytte dei som inspirasjon for våre eigne kunstverk, eller berre fantasere og filosofere over det vi ser. Vi kan også lage eigne kunstutstillingar av ting vi har laga. Vi jobbar også for å få til kunstutstilling i barnehagen med produkt laga av lokale kunstnarar.

Opplevingar med kunst og kultur i barnehagen kan leggje grunnlag for tilhøyrsle, deltaking og eige skapande arbeid. I barnehagen skal barna få estetiske erfaringar med kunst og kultur i ulike former og organisert på måtar som gir barna høve til utforsking, fordjuping og progresjon.

I Regnbogen har barna sitt eige estetiske rom. Her kan dei utfalde seg i bruken av ulike uttrykksformer. Dei teikner med fargeblyantar, vassmåling, akrylmåling, feittstiftar,kolstiftar m.m.

Dei får ta i bruk ulike material som tre, papir, papp, naturmateriale m.m.

Landart er ein naturleg del av barn sin leik. Dei bruker det dei finn i naturen og skapar sine eigne «bilder» av kongler, steinar, lauv m.m.

Med dei eldste barna studerer me nokon av kunstverka til Edvard Grieg og Kittelsen sine bilder av  troll. Me snakkar med barna kva bildet uttrykker av kjensler, som t.d «skriket» av E. Munch. Me besøker Mølstertunet kvar vår med førskuleborna. Her ser me på gamle maleri, treskjerarkunst og gamle lafta bygg.