Praktisk

Åpningstider

07.30 – 16.30

Kjernetid

10.00 – 14.30
I denne tida er det aktivitetar på dei ulike gruppene. Dei leiker inne eller ute, er på tur, er på dei ulike aktivitetsromma etc.

Fråvær

Det er fint om de gjev beskjed om barnet ikkje kjem til 10:00

Sjukdom

Er barnet sjukt, bør det vere heima. Vurder smittefaren for andre og allmentilstanden til barnet. Er de i stuss om de kan gå i barnehagen, kan de ringa barnehagen eller helsesyster så kan vi/de ta avgjerdsla ilag.

Ps. Me er mykje ute, så barnet bør kunne vere ute (i alle fall ei stund).

Medisin

Skal barnet ha medisin i barnehagen, fyller det ut skjema med signatur, som det får utdelt ved etterspørsel. 

Bringe/Hente

Foreldra har ansvar for av – og påkledning når de kjem/dreg. Hugs å ta på innesko. Sei alltid i frå til personalet når de kjem med barnet og når de tek med barnet (om det ikkje er personal i garderoben når de kjem).

Hugs: Kryss barnet inn om morgonen og når de går for dagen. Dersom andre skal hente barnet, må personalet få beskjed på førehand. Ved henting treng barnet noko tid til opprydding og oppbrudd frå leik/vener. Vi ber dykk difor bruke litt ekstra tid til dette når de hentar barnet. Elles har vi eit stort uteområdet, difor må de kanskje rekne litt ekstra tid til ei «runde» for å finne barnet. Har de det svært travelt, kan de gjere avtaler med personalet slik at barnet får avslutte leiken før de kjem. Ps. Det formelle ansvaret for barnet opphøyrer for barnehagepersonalet i det foreldre/andre hentar barnet. Barnet må ikkje gå ut porten før den vaksne! Hugs å late att porten så ingen andre barne «smett» ut. På grunn av tryggleiken, ber vi dykk om ikkje å parkere framfor porten eller på snuplassen. Slå av motoren/ta ut nøklane medan de bringer/hentar barn.

Rydding

«Rydderegelen» ute i vår barnehage er slik: Rydd så mange leiker som barnet er år eller ta ei stor leike/ting. Inne rydder barnet opp der dei sist har leika. Det er fint om foreldra hjelper barna med dette før de går heim. Kanskje trengst det litt motivering, men tidleg læring av gode vaner haustar ein ofte fruktene av seinare.

Klede

Merk alle klede, sko, huer, vottar, truser og ikkje minst sokkar, slik at vi alle veit kven som eig kva. Dersom barnet har med smokk eller koseklut må desse merkast. Slik sparer de dykk sjølve, barna og personalet for frustrasjoner og tidsøydsling !

Barnet må ha minst eit heilt kleskift liggande i barnehagen (underkle, sokkar, andre kle). Det er viktig å sjekke korgene slik at de sikrar at det heile tida er «riktige klede» der. Spesielt sokkar, truser og vottar går det mykje av. Elles kan behovet for ein tjukk gensar plutseleg vere til stades så det er greit å ha ein liggande. Det same gjeld for tjukke sokkar.Uteklede/ regnsklede kan hengje i barnehagen dersom dei ikkje er svært våte eller/og skitne. Det same gjeld støvlar. Kvar fredag ynskjer vi at utekleda blir tatt med heim for eventuell vask. 

Bursdag

Når barnet fyller år heiser me flagget i Regnbogen. Barnet er i fokus heile dagen og får den merksemda som høver seg for nokon som fyller år. I samling får barnet kappe på, og bursdagskrune. Dei får bok med teikninger frå borna og dei får trekkje songar frå bursdagboksen. Og me syng alle «hurra for deg» eller «happy birthday» etter ynskje frå jubilanten. Når det gjeld invitasjon til bursdag, ynskjer vi det skjer utanom barnehagetid. Det er ein fin gest å be i bursdag, men me erfarer av og til born som er vonbrotne fordi dei ikkje er invitert, når invitasjonen blir lagt i hyllene til borna i barnehagen.

Informasjon

Dagtavle ved inngangspartiet. Her står det om kva gruppene har gjort om dagen. Det er og ei tavle med anna informasjon som det er viktig de les kvar dag. Her er det viktige beskjeder om sjukdom, turer etc. På veggen mellom garderobane heng tavla der vekeplanane er. Det er foreldra sitt ansvar å halde seg orientert om kva som skjer i kvardagen.