Natur

Målet vårt er at borna utviklar glede ved å bruke naturen til utforsking og kroppslege utfordringar, og at dei får ei forståing av korleis vi bruker og samtidig tar vare på miljøet og naturen. Ved å leggje eit godt grunnlag for gode naturopplevingar i barnehagen, får borna noko å byggje vidare på seinare i livet. Ein dag skal dei overta ansvaret å forvalta dei rike naturressursane våre. Vi ynskjer å gje borna gode opplevingar og erfaringar med friluftsliv og uteliv ut frå borna sin utviklings- og meistringsstad.

Turar gjev opplevingar

Naturen er viktig å bli glad i slik at den blir tatt vare på i framtida. Borna i Regnbogen er mykje ute i skog og mark. Det er korte turar eller lengre turar med niste eller stormkjøkken i sekken. Borna bruker sansane sine. Dei lukter, ser, høyrer og smaker. Når vi er ute på tur, er vi «på veg». Med det meiner vi at vi ofte har eit planlagt mål for dagen. Skjer det derimot noko spanande på turen, er det ikkje det viktigaste å nå «målet», men at borna får oppleve og undre seg. Det er mykje som kan skje når vi finn det perfekte klatretreet eller eit piggsvin. Det er opplevinga i naturen, og undringa over det mangfaldet som er der, som inspirerer borna i vidare leik. Borna studerer insekt, fuglar, dyr og plantar. Dei stiller spørsmål, diskuterer og finn svar. Dei ser naturen skifter «drakt» frå haust, vinter, vår og til sommar. Dei ser skifte i fargar og finn ting i naturen som kan brukast til å lage noko av. Det er ikkje noko som heiter dårleg vær. Borna trivest ute uansett, så lenge dei ikkje frys. Det er ei nyttig erfaring for små menneske å oppleve årstidene på kroppen, og kjenne kva vêr er.

Bruke kroppen

Naturen er ein perfekt stad for borna å bruke kroppen. Den byr på ulendt terreng, tre og klatresteinar som gjev utfordringar på balanseøving og rørslekontroll. Uteaktivitetar gjer borna sterke i kroppen.

Kjøkkenhage

I kjøkkenhagen vår har me epletre, solbær, bringebær, gulrot, poteter, jordbær og anna godt. Arbeidet med dette skal borna vere med på å gjennomføre. Kvar gruppe har sitt område i kjøkkenhagen. Der dei planlegg kva dei skal så og plante av ulike urter og plantar om våren, for så å hauste det seinare på året. Gruppene har kvar sin føremiddag ute der dei arbeider i kjøkkenhagen. Me har og planta rips og stikkelsbær busker utanfor gjerdet. Der kan me ta med små grupper å hauste avlinga vår. Det vi haustar frå hagen lager me saft og syltetøy av, blant anna.

Gardsarbeid

Vi har eit gardsbruk vi besøker i nærområdet vårt. Det er gardsbruket til Aslaug Møn, som er pedagogisk leiar i Regnbogen. Gruppene har ansvar for stell om barnehagen sine eigne høner. Om vinteren bur dei på garden hjå Aslaug. Alle gruppene har kvar sin arbeidsdag i floren. Borna får her læra kva som må til av «sjodning», stell og mat for at dyra skal ha det bra. Dei får og læra korleis ein skal omgås dyra. Dei jobbar med reiskap og utstyr til florstellet.