IKT

«Teknologi påverkar miljø og mennesker, og er ein del av livet vårt. Teknologi påverkar korleis born lever, leikar og lærer. I alle deler av samfunnet har informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) ein sentral plass». (Rammeplanen 2006)

Dei fleste borna kjem til barnehagen med kunnskap om og erfaring med IKT. Born er nysgjerrige, vil gjerne prøve og forstå korleis ting fungerer. I fylgje «Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver» (2006) bør borna i barnehagen «få oppleve at digitale verktøy kan vere ein kilde til leik, kommunikasjon og innhenting av kunnskap».

Regnbogen har kjøpt inn to datamaskiner som skal vere til bruk saman med borna. Det er viktig å understreke at det ikkje er dei digitale verktøya i seg sjølv som er interessante, men måten personalet i barnehagen brukar dei i sitt pedagogiske arbeid. Datamaskina kan ikkje erstatta ein vaksen, og personalet er difor heilt avgjerande for at borna skal verte fortrulege med dei digitale verktøya og kunne skape sjølv. Dette er stasjonere maskiner, som står på det estetiske rommet. Her kan ein gå inn i små grupper, saman med ein vaksen og teikne med blyant, pensel, spray- eller malingsboks, skrive bokstavar og viske ut.

Borna treng mange ulike verktøy for å bearbeide og kommunisere inntrykka sine, og la dei kome til uttrykk gjennom skapande aktivitetar. De er mange born som vert meir fornøgde med det dei skaper på datamaskina enn det dei skaper med teiknestift og ark. Akkurat som fargeblyanten og malarpenselen er musa ei forlenging av handa, og skjermen erstattar papiret. Her kan og dei minste klare å dra musa over skjermen og lage tjukke og tynne strekar i mange fine fargar. Digitale verktøy kan hjelpe til at fantasi og kreativitet vert motivert. Borna får lyst til å ta i bruk tale- og skriftspråk og dei vil prøve tastaturet på dataen. Sjølv om finmotorikken ikkje er like godt utvikla hjå alle, vil borna gjenkjenne bokstavar i namnet. Nokon kan skrive namnet sitt og det å skrive det på datamaskina kan åpne opp til ein ny og spanande verden..

Ein spanande verden er det og i mange data-spel. Regnbogen har pedagogiske data-spell, der borna får trene bruk av tastatur, auge-hand-koordinering og presisjon. Her vil dei kunne løyse oppgåver som skjerpar den logiske tankegangen, musikalitet, den mattematiske hjernen, fargesansen og mykje meir. ”Gode dataspill kan vere kilde til læring. Konsentrasjon, koordinering, kategorisering, skjelne lyder og farger, tolke bilder og sette dem i rekkefølge er noen av de ferdigheter barn kan oppnå gjennom dataspill” (Rammeplanen 2006)

Regnbogen har også digitale fotoapparat til borna. Borna lærer seg raskt å fotografere , dei tek andre motiv enn dei vaksne og deltar i dokumentasjonen med andre perspektiv. Saman med ein vaksen ser dei gjennom bileta på displayet, ser på kva bilder som er bra og mindre bra. Nokre bilde kan skrivast ut og laminerast og slik har ein laga eit bilde ein kan ha på veggen.

Regnbogen ser på det digitale verktøyet som nyttige og utviklande i det pedagogiske arbeidet. Rammeplanen seier at barnehagen sitt pedagogiske arbeid skal sjåast i samanheng med skulen, og fagområda i barnehagen skal i stor grad vere dei samme som dei borna møter i skulen. Gode opplevingar, erfaringar og læring innafor det digitale området, kan motivere jenter og gutar til å lære meir og kan vere eit viktig bidrag i eit livslangt læringsperspektiv.