Dagsrytme

07:30

Barnehagen opnar og dei av borna som har med seg frukost, kan setje seg ned med den. Det er to vaksne på tidlegvakt. Den eine tar imot borna og foreldra i garderoben. Den andre vaksne er ved frukostbordet. Vi ynskjer at frukosten skal vere ein god start på dagen, så vi legg vekt på ei god atmosfære og ein hyggeleg samtale. Dei som ikkje skal ete frukost, leiker i nærleiken slik at dei vaksne kan vere nær alle. Born som skal ete frukost må vere i barnehagen før 08:15. Me avsluttar frukosten til 8:30 og går ut og leikar.

Dei borna som ikkje et frukost i barnehagen, er kledd for uteleik når dei kjem om morgonen. Fram til 10:00 er det uteleik og alle borna er saman ute.

10:00

Pedagogisk kjernetid startar kl. 10:00 og varer til 14:30. No er borna samla i sine grupper. Det er ulike aktivitetar som skjer på gruppene. Nokon går på tur i skogen, er ved lavvoen eller til hønene. Ein dag i veka har kvar gruppe si gruppetid inne på føremiddagen. Nokon gonger gjer vi ting saman alle, som på fredagar når vi har «verkstad». På oppslagstavla kan du sjå på vekeplanen kva ditt barn skal gjere i barnehagen. 

11:30

Solskin og Skybrot ryddar, byter bleier, går på toalettet og vaskar hender, før dei set seg til bords.

12:00

Måneljos og Stjerneskot ryddar, går på toalettet og vaskar hender.

I slike situasjonar skjer det mykje sosial og praktisk læring, gode samtalar og fint samspel. Vi vaksne prøver å leggje vekt på å gje barnet tid, individuell og positiv støtte og rosar det dei får til. Nokre av gruppene kan ha ei lita samling før måltidet, mens andre vel å ta det på ei anna tid. Det kan også vere felles samling med alle.

Me prøver og at det alltid er nokon som et ute. Maten smakar ekstra godt i fri luft. Ved måltida legg vi vekt på bordskikk. At borna sit fint, snakkar med låg røyst og ventar på tur.

14:30

Litt påfyll i magen. Det kan vere frukt, grønsaker eller noko me har laga før på dagen. Fram til stengetid er det leik ute eller inne.

16:30

Barnehagen stengjer for dagen.