Kommunkasjon, språk og tekst

Tidleg og god språkstimulering er ein viktig del av barnehageinnhaldet. Kommunikasjon skjer i eit vekselspel mellom å ta imot og tolke ein bodskap og å sjølv vere avsendar av ein bodskap. Både den nonverbale og den verbale kommunikasjonen er viktig for å utvikle eit godt munnleg språk.

Å få varierte og rike erfaringar er avgjerande for å forstå omgrep. Å samtale om opplevingar, tankar og kjensler er nødvendig for å utvikle eit rikt språk. Tekst omfattar både skriftlege og munnlege forteljingar, poesi, dikt, rim, regler og songar. Viktige sider ved kulturoverføringa er knytte til kommunikasjon, språk og tekst.

Gjennom arbeidet med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna:

  • Lyttar, observerer og gir respons i gjensidig samhandling med barn og vaksne
  • Vidareutviklar omgrepsforståinga og bruker eit variert ordforråd
  • Bruker språket for å uttrykkje kjensler, ønske og erfaringar, til å løyse konfliktar og til å skape positive relasjonar i leik og anna samvær
  • Får eit positivt forhold til tekst og bilete som kjelde til estetiske opplevingar og kunnskapar, samtalar og som inspirasjon til fabulering og nyskaping
  • Lyttar til lydar og rytme i språket og blir fortrulege med symbol som tal og bokstavar
  • Blir kjende med bøker, songar, bilete, media o.a.

 

For å arbeide i retning av desse måla må personalet:

  • Vere bevisste på at dei er førebilete når dei lyttar, gir konstruktiv respons og bruker kroppsspråk, talespråk og tekst
  • Fremje tillit mellom barna og mellom barn og vaksne, slik at barna føler glede ved å kommunisere og er trygge når dei bruker ulike språk- og tekstformer i kvardagen
  • Leggje til rette for meiningsfulle opplevingar og skape tid og rom for bruk av nonverbalt og verbalt språk i kvardagsaktivitetar og leik og i meir tilrettelagde situasjonar
  • Skape eit språkstimulerande miljø for alle barn og oppmuntre til å lytte, samtale og leike med lyd, rim og rytme, og til å fabulere ved hjelp av språk og song
  • Vise forståing for at morsmålet til barnet er viktig
  • Pppmuntre barn med to- eller fleirspråkleg bakgrunn til å vere språkleg aktive og samtidig hjelpe dei til å få erfaringar som byggjer opp omgrepsforståinga og ordforrådet på norsk
  • Støtte barn som har ulike former for kommunikasjonsvanskar, er lite språkleg aktive eller har sein språkutvikling.
  • La barna møte symbol som bokstavar og siffer i daglege samanhengar og støtte barna når dei tek initiativ til å telje, sortere, lese, leikeskrive eller diktere teks
  • Skape eit miljø der barn og vaksne dagleg opplever spenning og glede ved høgtlesing, forteljing, song og samtale, og vere bevisste på kva etiske, estetiske og kulturelle verdiar som blir formidla