Kropp, rørsle og helse

I småbarnsalderen tileignar barna seg grunnleggjande motorisk dugleik, kroppskontroll, fysiske eigenskapar, vanar og innsikt i korleis dei kan ta vare på helse og livskvalitet. Barn er kroppsleg aktive, og dei uttrykkjer seg mykje gjennom kroppen. Gjennom kroppsleg aktivitet lærer barna verda og seg sjølve å kjenne. Ved sanseinntrykk og rørsle skaffar barn seg erfaring, dugleik og kunnskap på mange område.

Når barn kontaktar andre barn, startar dei ofte med kroppslege signal og aktivitetar. Dette er viktig for utviklinga av sosial kompetanse. Godt kosthald og god veksling mellom aktivitet og kvile er viktig for å utvikle ein sunn kropp. Variert fysisk aktivitet både inne og ute har svært mykje å seie for utviklinga av motorisk dugleik og kroppskontroll. Aktiv bruk av natur og nærmiljø gir mange moglegheiter.

Gjennom arbeidet med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna:

– får ei positiv sjølvoppfatning gjennom kroppsleg meistring.

– skaffar seg gode erfaringar med varierte og allsidige rørsler og utfordringar.

– vidareutviklar kroppskontrollen, grovmotorikken, finmotorikken, rytmen og den motoriske kjensleevna.

– får gode erfaringar med friluftsliv og uteliv til ulike årstider.

– utviklar glede over å bruke naturen til utforsking og kroppslege utfordringar og får forståing av korleis ein bruker og samtidig tek vare på miljøet og naturen.

– utviklar forståing og respekt for sin eigen og andre sin kropp og for at alle er forskjellige.

– får kunnskap om menneskekroppen og forståing for kor viktig det er med gode vanar og eit sunt kosthald..

For å arbeide i retning av desse måla må personalet:

– organisere kvardagen slik at det er ei gjennomtenkt veksling mellom periodar med ro, aktivitet og måltid, og bidra til at barna kan lære gode vanar og haldningar og få kunnskap om kost, hygiene, aktivitet og kvile.

– sørgje for god planlegging og fleksibel tilrettelegging og utnytting av det fysiske miljøet og vurdere korleis nærmiljøet kan supplere barnehageareala til ulike årstider.

– sørgje for at kropps- og rørsleskulturen i barnehagen reflekterer mangfaldet i den kulturelle forankringa til barna, og ta omsyn til kulturforskjellar når det gjeld forholdet til kropp.

– leggje til rette for og inspirere til trygg og utfordrande kroppsleg leik og aktivitet for alle, uavhengig av kjønn og kroppslege, psykiske og sosiale føresetnader.

– forstå og gi oppmuntrande stadfesting på sansemotorisk og kroppsleg leik og inspirere alle barn til å søkje fysiske utfordringar og bruke kroppen sin.

– følgje opp barns leikeinitiativ og tilby leik og spel der barna er fysisk aktive og opplever glede gjennom meistring og fellesskap.

– skape vilkår for kroppsleg leik og aktivitet der ein òg bryt med tradisjonelle kjønnsrollemønster, slik at jenter og gutar på ein likeverdig måte kan delta i alle aktivitetsformene.

– ta vare på helsa og tryggleiken til barna og kunne utføre førstehjelp.