Kunst, kultur og kreativitet

Barnehagen må gi barn høve til å oppleve kunst og kultur og til sjølve å uttrykkje seg estetisk. Å vere saman om kulturelle opplevingar og gjere eller skape noko felles, bidreg til samhøyrsle. Barn skaper sin eigen kultur ut frå eigne opplevingar. Gjennom rike erfaringar med kunst, kultur og estetikk får barn mange høve til sansing, oppleving, eksperimentering, skapande verksemd, tenking og kommunikasjon.

Fagområdet gjeld uttrykksformer som biletkunst og kunsthandverk, musikk, dans, drama, språk, litteratur, film, arkitektur og design. Kunst- og kulturformidling gjer at barna blir fortrulege med og føler tilhøyrsle til kulturelle uttrykksformer.

Gjennom arbeidet med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at borna:

– lærer å lytte, observere og uttrykkje seg gjennom allsidige møte med og refleksjon over kultur, kunst og estetikk.

– styrkjer den kulturelle identiteten sin og det personlege uttrykket.

– tek i bruk fantasi, kreativ tenking og skaparglede.

– utviklar evna til å bearbeide og kommunisere inntrykk og gi varierte uttrykk gjennom skapande verksemd.

– utviklar elementær kunnskap om verkemiddel, teknikk og form for å kunne uttrykkje seg estetisk i visuelt språk, musikk, song, dans og drama.

– opplever at kunst, kultur og estetikk bidreg til nærleik og forståing.

For å arbeide i retning av desse måla må personalet:

– skape nok rom for både vaksenleidde og barnestyrte aktivitetar.

– ha eit bevisst forhold til samspelet mellom kunst, kultur og leik.

– sørgje for at barna dagleg har tilgang til bøker, bilete, instrument, utstyr til å kle seg ut med og rikeleg, variert materiale og verktøy for skapande verksemd.

– lytte og vere merksame på det kulturelle uttrykket til barna, vise respekt for ytringsformene deira og fremje lysta til å utforske dei estetiske områda vidare.

– motivere barna til å uttrykkje seg og gi dei høve til å finne sine eigne uttrykksformer.

– sørgje for ein estetisk dimensjon i fysisk miljø og innhald.

– oppmuntre og stimulere barna til å sjå på estetiske fenomen og detaljar i møte med natur og fysisk miljø og i kunstnariske uttrykksmåtar i arkitektur, bilete, tekst, musikk og rørsler.

– sørgje for at barn opplever lokale, nasjonale og internasjonale kunst- og kulturuttrykk, og at dei får møte kunstnarar.

– gje borna høve til å bli kjende med tradisjonar innanfor bumiljø, byggjekunst og handverk, kulturlandskap og kulturminne i lokalmiljøet.