Filosofi

Filosofi er nytt innan fagområda som vi skal arbeide med i barnehagen. Det kjem inn under fagområdet «Religion, filosofi og etikk».

Kva er filosofi?

Ordet filosofi kjem frå gresk og er sett saman av to ord, filos og sofia. Filos tyder ven eller ein som er glad i noko. Sofia tyder visdom. Filosofi tyder altså kjærleik til visdom. Å filosofere handlar om å stille spørsmål. Det handlar og om å undre seg saman med andre. Det er som å leike med tankar og ord. Slik utviklar vi evna til å tenkje, og vi veks som menneske. Filosofien prøver å finne svar på ulike spørsmål. Mange spørsmål er det ulike svar på og svara varierer frå menneske til menneske. Poenget med å filosofere er å undre seg og prøve å finne best mogleg svar. Å filosofere er ein prosess der vi kan endre våre eigne tankar etter kvart som vi lyttar til andre og lærer av dei.

Den gode samtalen

Sokrates lærte oss at filosofi er som ein veg fram til større forståing og innsikt. Den vegen kan gå gjennom ei god samtale. Den gode samtalen kan romme spørsmål, undring, respekt og opne sinn og få oss til å tenkje annleis. Når vi lyttar til andre og høyrer på deira si oppleving av hendingar, viser vi respekt for dei. Det har med toleranse å gjera. Toleranse tyder å tole andre, deira tankar, meiningar og veremåte.

Å undre seg

Når vi ser dette i samanheng til barnehagen, så driv vi med mykje filosofi kvar dag. Vi undrar oss saman med borna og dei undrar seg med oss og kvarandre. Vi opplever at born har tankar om det meste, om vi berre er lydhøyre. Vi vil gjennom året filosofere med borna om: kva er ein ven, kva gjer oss glad, kva gjer oss trist, korleis er det å vere sysken, kva er jol, kva gjer meitemakken når det er vinter… Dette for å nemne noko. Vi vil snakke med barna om dei fire elementa, ild, luft, jord og vatn, når vi jobbar med elementa i fysikkforsøk, leik med dragar, vassleik, og når vi plantar i jorda. Vi vil også filosofere rundt ulike kunstbilete når vi har verkstad-dag, då tek vi utgangspunkt i Theodor Kittelsen og Christian Krogh og Troll – Taral.