Nærmiljø

Barneskular

Det tettaste samarbeidet med barneskulane vert på våren i høve dei eldste som snart skal byrja på skulen. Når barnet skal slutte i barnehagen og gå over i skulen, går det frå ein kjent og trygg arena, og over i ein ukjent arena. Det er difor viktig at skulen og barnehagen samarbeider for å få denne overgangen så mjuk som mogeleg.

Bedrifter

Vi har mange små og store bedrifter i nærområdet vårt. Vi vil ta kontakt med nokon av dei, og vere litt meir kjend med dei, og få innsyn i kva dei arbeider med. Me har til no vore på besøk til ambulansen på sjukehuset og Brannstasjonen.

Gardsbruk

Vi har nært samarbeid med eit gardsbruk i nærområdet. Her har vi våre eigne høner, og vi får vere med på ulikt arbeid.