Etikk, religion og filosofi
Etikk, religion og filosofi er med på å forme måten vi oppfattar verda og menneska på, og pregar verdiar og haldningar. Religion og livssyn legg grunnlaget for etiske normer. I fleire hundre år har kristen tru og tradisjon saman med humanistiske verdiar prega norsk og europeisk kultur. Noreg er i dag eit multireligiøst og fleirkulturelt samfunn. Barnehagen skal reflektere og respektere mangfaldet som er representert i barnegruppa, samtidig som han skal ta med seg verdiar og tradisjonar frå den kristne kulturarven. Den etiske rettleiinga barnehagen gir barna, må ta omsyn til føresetnadene til det enkelte barnet og den kulturelle og religiøse eller verdimessige tilknytinga til den enkelte heimen.
Gjennom arbeidet med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at borna:
– erfarer at grunnleggjande spørsmål er vesentlege, ved at dei får høve og ro til undring og tenking, samtalar og forteljingar.
– tileignar seg grunnleggjande samfunnsnormer og -verdiar.
– utviklar toleranse og interesse for kvarandre og respekt for bakgrunnen til kvarandre, uavhengig av den kulturelle og religiøse eller livssynsmessige tilhøyrsla .
– får innsikt i kristne grunnverdiar og plassen dei har i kulturen vår.
– får kjennskap til kristne høgtider og tradisjonar.
– får kjennskap til tradisjonar som er knytte til høgtider i andre religionar og livssyn som er representerte i barnegruppa.
– blir kjende med religion, etikk og filosofi som del av kultur og samfunn.
For å arbeide i retning av desse måla må personalet:
– vere bevisste på det yrkesetiske ansvaret for å praktisere verdigrunnlaget til barnehagen.
– møte tru, spørsmål og undring med alvor og respekt.
– skape rom for opplevingar, undring, ettertanke og gode samtalar.
– skape interesse for og bidra til forståing og toleranse for forskjellige kulturar og ulike måtar å leve på.
– hjelpe barn i konfliktsituasjonar til å finne konstruktive løysingar.
– vere bevisste på at personalet er førebilete, og opptre slik at barna kan få støtte i sin eigen identitet og respekt for kvarandre.
– la den kristne kulturarven komme til uttrykk mellom anna gjennom høgtidsmarkeringar.
– markere andre religiøse, livssynsmessige og kulturelle tradisjonar som er representerte i barnehagen.