Nærmiljø og samfunn
Det at barna får påverke det indre livet i barnehagen, kan vere det første steget for å få innsikt i og erfaring med å delta i eit demokratisk samfunn. Barnehagen skal bidra til at barna møter verda utanfor familien med tillit og undring. Han skal leggje vekt på å styrkje kunnskapen om og tilknytinga til lokalsamfunnet, naturen, kunst og kultur, arbeidslivet, tradisjonar og levesett. Barn skal få utforske og oppdage nærmiljøet sitt. Barna har ulike erfaringar frå heimen, omgangskretsen og reiser, noko som kan gi kunnskap om ulike samfunn. Fagområdet omfattar òg korleis media påverkar kvardagen til barna.
Gjennom arbeidet med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at borna:
– utviklar tillit til eiga deltaking i og påverknad på fellesskapen.
– erfarer at alle menneske, uavhengig av alder og føresetnader, inngår i og bidreg til barnehagefellesskapen.
– blir kjende med og deltek i samfunnet gjennom opplevingar og erfaringar i nærmiljøet.
– opplever at det blir teke like mykje omsyn til gutar og jenter.
– blir kjende med nokre historiske endringar i lokalmiljøet og samfunnet.
– utviklar forståing for ulike tradisjonar og levesett.
– blir kjende med at samane er urfolket i Noreg, og får kjennskap til samiske forteljingar, segner og andre delar av den samiske kulturen og det samiske kvardagslivet.
For å arbeide i retning av desse måla må personalet:
– følgje demokratiske prinsipp i det daglege arbeidet.
– arbeide for at alle barn får erfare at dei er verdifulle og viktige for fellesskapen.
– sørgje for at barna erfarer at vala og handlingane deira kan påverke situasjonen både for dei sjølve og andre.
– gi barna begynnande kunnskap om kor viktige menneskerettane er, særleg barnekonvensjonen.
– arbeide med likestilling mellom gutar og jenter og sørgje for at begge kjønna får varierte utfordringar og like mykje merksemd.
– sørgje for at barna utvidar forståinga om kulturelle likskapar og skilnader og arbeide for eit inkluderande miljø som motverkar mobbing og rasisme.
– vere oppdaterte og opptekne av samfunnet og vise interesse for bumiljøet til barna og alt lokalmiljøet har å by på.
– bruke ressursane i nærmiljøet til gode opplevingar og læring som er tilpassa føresetnadene og interessene til barna, og sørgje for at barnehagen bidreg aktivt i nærmiljøet.
– gi barna meiningsfylte møte med personar, arbeidsplassar og institusjonar i nærmiljøet og sørgje for at barna får bearbeide og utdjupe opplevingane.
– bruke litteratur og media for å utvide og utdjupe erfaringane og læringa til barna.
– bidra til at barna er nysgjerrige og kritiske til det som blir formidla i media.