Tal, rom og form
Barn er tidleg opptekne av tal og teljing, dei utforskar rom og form, argumenterer og er på jakt etter samanhengar. Gjennom leik, eksperimentering og kvardagsaktivitetar utviklar barna matematisk kompetanse. Barnehagen har eit ansvar for å oppmuntre utforskinga og leggje til rette for tidleg og god stimulering.
Gjennom arbeidet med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna:
– opplever glede over å utforske og leike med tal og former.
– tileignar seg gode og omgrep som er greie å bruke.
– erfarer, utforskar og leikar med former og mønster.
– erfarer ulike typar storleikar, former og mål gjennom å sortere og samanlikne.
– erfarer plassering og orientering og slik utviklar lokaliseringsevner. .
For å arbeide i retning av desse måla må personalet:
– vere lyttande og merksame i forhold til matematikken barnet uttrykkjer gjennom leik, samtalar og kvardagsaktivitetar.
– støtte den matematiske utviklinga til barnet med utgangspunkt i interesser og uttrykksformer.
– vere bevisste på sin eigen omgrepsbruk om matematiske fenomen.
– styrkje kunnskapstørsten, matematikkgleda og lysta barnet har til å utforske matematiske samanhengar.
– resonnere og undre seg saman med barna om likskapar, ulikskapar, storleikar og tal og stimulere evna til å bruke språket som reiskap for logisk tenking.
– sørgje for at barna har tilgang til og tek i bruk ulike typar spel, teknologi, teljemateriell, klossar, leikar og formingsmateriell, og tilby materiell som gir barna erfaring med klassifisering, ordning, sortering og samanlikning.
– gi barna impulsar og erfaringar med design ved å utforske, oppdage og skape ulike former og mønster.
– leggje til rette for at barna i leik og kvardagsaktivitetar får erfaringar med ulike typar mål, måleiningar og målereiskapar, og stimulere barna til å fundere rundt avstandar, vekt, volum og tid.