Landet vårt

Norge er eit godt og trygt land å bu i, med mange spennande hendingar. Dette året ynskjer me å ha hovudfokus  på «Landet me bur i» og sjå på små og store hendingar i landet vårt.

Året 2013/ 2014 har fleire jubileum,som me ynskjer å ta del i.

Ivar Andreas Aasen, født 5. august 1813 på Sunnmøre, har 200-års jubileum. Aasen er kjent som opphavsmannen til nynorsken. Me lærer m.a ”Mellom bakkar og berg” som Aasen har dikta.

Edvard Munch vart født 12. desember 1863, så då er det 150 år sidan han vart født på Løten i Hedmark. Me ynskjer å studera nokre av dei flotte maleria hans, som t.d  ”Skrik” og ”Pikene på broen”.

Kvart år «reiser me på tur» ein månad . I år vil reisa gå til Eidsvoll, for me ynskjer å vere med på Grunnlova si 200-års jubileum, 17.mai 2014. I april og mai vil me vera ”På leit etter Grunnlova vår”. Me avsluttar dette prosjektet 16.mai med Grunnlovsfest.

Ringsaker, der Alf Prøysen er født, er like ved Eidsvoll, så då vil me ta ein tur dit og`. Alf Prøysen vart født 23.juli 1914. Han har 100-års jubileum i 2014. Heile dette barnehageåret vil me jobba med Alf Prøysen sitt liv og virke. I februar vil me lesa frå boka ”Då Alf Prøysen var liten”, me vil høyra på ”Barnetimen for dei minste” og høyra Alf Prøysen fortel og syng. Ellers så vil Teskjekjerringa vera synleg gjennom barnehageåret.

For 150 år siden fann budeia Anne Hov opp dagens Gudbrandsdalsost. Når me snakkar om norsk tradisjonsmat med borna, så er det naturleg å snakka om ostehøvelen som ei norsk oppfinning. Ostehøvelen blei oppfunnen og patentert av snikkarmeister Thor Bjørklund frå Lillehammer i 1925, produksjonen starta i 1927.

Me vil ta turen til Karasjok den 6.februar på Samenes dag.

Me ynskjer å markera nokre av FN sine dagar: 20.mars er International Lukkedag, 5.juni er Verdas Miljødag, og 24.oktober er FN-dagen.

Me har det siste året arbeidd og lært mykje om lærings- og danningsbegrepet i regi av Fylkesmannen/Kunnskapsdep. Eit spennande prosjekt og mykje god læring for oss om barn og læring/danning. Dette ynskjer me å arbeide vidare med, saman med Meld.St. 24: Framtidas barnehage.

 

Over regnbuen der er himmelen blå
Alle drømmer skal vise veien der du skal gå

Over regnbuen svever drømmeland
Like dunlett som hvitefnugg fra en løvetann

Over regnbuen vil jeg strekke meg
Og bak den vil jeg gå og så finne lykkens vei

Alf Prøysen