Mat og helse

For barnehageåret 2008 – 2009 vil me ha mat og helse som satsingsområdet. Heimen og familien har ansvaret for barnet sitt kosthald, men fordi barnet inntar mange måltider i barnehagen, har barnehagen stor påverknad på barna sine matvaner, kosthald og helse. Vaner vert etablert tidleg. Sunn og variert mat og godt tilrettelagte måltider i barnehagen vil bidra til å tidleg leggje grunnlag for gode kostvaner som barna tar med seg vidare i livet.

Personalet i Regnbogen legg vekt på ro rundt måltida. Me sett av ein halv time til måltida slik at alle skal finne ro og få tid til å ete seg mett. Dei vaksne et saman med borna. Me serverer variert mat. Me bakar grove rundstykker to gonger i veka, ellers serverer me grove brød. Me har eit måltid med varm mat i veka. Dagen for det varierer. Me serverer lett mjølk, økologisk, til måltida og vatn mellom måltida. Som pålegg har me egg, ost, kjøtt pålegg, fisk, leverpostei, og bacon ost. Me har alltid grønt på bordet som agurk, tomater og paprika.

Det går ca. 3 timer mellom kvart måltid.

Frukt og grønt

Me serverer økologisk frukt til frukt og grønt måltid, så sant me får tak i det. Økologisk mat er sunnere enn mat som er produsert på vanleg vis, dette er den foreløpige konklusjonen i eit stort forskningsprosjekt sponset av EU – kalt Quality Low Input Food.

Konklusjonen så langt er at frukt og grønt frå dei økologiske områda inneheld meir en 40 prosent meir antioksidanter enn frukt frå dei ikkje-økologiske områda. Me serverer bananer, eple, appelsiner, kålrot, gulrot, druer, ananas og melon. Og andre spennande frukter i blant.

Barnehagen er MER-ambassadør. Ansatte i barnehagen har tatt eit e-læringskurs. Kurset innheld ein rekke tips og informasjon om kosthald. De kan lese meir på: frukt.no/barnehager. Personalet har og lest seg opp på : «Retningslinjer for mat og måltider i barnehagen», «Bra mat i barnehagen» utgitt av helsedirektoratet.

Godt kosthald og god veksling mellom aktivitet og kvile er av betydning for å utvikle ein sunn kropp. Difor er fysisk aktivitet noko me jobbar vidare med.