Fagområder

Regnbogen har 7 fagområder som er bestemt av rammeplanen.
Desse er:

Kvart fagområde dekkjer eit vidt læringsfelt. Fagområda opptrer sjeldan isolert. Fleire område er ofte representerte samtidig i eit temaopplegg og i samband med kvardagsaktivitetar og turar i nærmiljøet. I sosialt samspel i leik og kvardagsaktivitetar skjer det ofte ein spontan kommunikasjon knytt til fagområda. At barn får rike fellesopplevingar og del i kunnskapar på mange område, er òg ein føresetnad for at det skal bli god leik og eit godt samspel mellom barna.

For kvart fagområde er det formulert mål for arbeidet med å fremje utviklinga og læringa til barna og presisere personalansvaret. Måla som rettar seg mot opplevingar og læring, er formulerte som prosessmål. Det er sjølve læringsområdet og arbeidsmåtane barna skal bli kjende med. Arbeidet med fagområda må tilpassast alderen og interessene til barna, gruppesamansetjinga og andre føresetnader. Lærestoffet, arbeidsmåtane, utstyret og organiseringa må leggjast til rette med tanke på at barn har ulike behov. Alle skal få like høve til å møte utfordringar som svarer til det utviklingsnivået dei er på. Nokre barn treng spesialpedagogisk hjelp.

Korleis fagområda blir tilpassa interessene til det enkelte barnet, gruppa og det lokale samfunnet, skal avgjerast i den enkelte barnehagen og nedfellast i årsplanen til barnehagen. Her må progresjonen òg tydeleggjerast.

Barnehagen skal gi barn grunnleggende kunnskap på sentrale og aktuelle områder. Barnehagen skal støtte barns nysgjerrighet, kreativitet og vitebegjær og gi utfordringer med utgangspunkt i barnets interesser, kunnskaper og ferdigheter (Barnehagelova § 2 Barnehagens innhold)